Billy Currie
William Lee Currie (fødd 1. april 1950[1]) er ein engelsk fiolinist, bratsjist, pianist, klaverspelar og låtskrivar. Han er mest kjend som medlem av new wave-bandet Ultravox, som hadde kommersiell suksess i 1980-åra.
Billy Currie | |||
Currie i 2009 | |||
Fødd | 1. april 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Huddersfield | ||
Fødenamn | William Lee Currie | ||
Alias | Billy Curry | ||
Opphav | Huddersfield, West Riding of Yorkshire, England | ||
Aktiv | Sidan 1974 | ||
Sjanger | New wave, kunstrock, post-punk, synthpop, glamrock | ||
Instrument | Bratsj, fiolin, piano, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Tiger Lily, Ultravox, Visage, Tubeway Army, Gary Numan, Steve Howe, Dead or Alive, Sam Blue, Vinny Burns, Humania, Phil Lynott | ||
Verka som | Musikar |
Tidleg i 1970-åra vart han medlem i ei eksperimentell kunstgruppe, The Ritual Theatre, før han i 1974 vart med i Tiger Lily på bratsj og klaverinstrument. I 1976 byta bandet namn til Ultravox. Når han ikkje var i Ultravox deltok Currie òg på andre prosjekt og samarbeidde med Gary Numan på det første soloalbumet hans, The Pleasure Principle. Currie vart òg medlem av det studiobaserte bandet Visage, som var fronta av Steve Strange, og som òg hadde Midge Ure, eit anna Ultravox-medlem, som medlem. Currie var medlem i Visage fram til 1984. Ultravox vart oppløyst seint i 1980-åra og 1988 gav ut eit instrumentalt soloalbum, Transportation i 1988. I 1989 skipa han bandet Humania, før han i 1992 samla Ultravox med ei ny besetning, der berre Currie var att frå det originale bandet. Dei gav ut to album i 1990-åra.
Sidan 2001 har Billy Currie gjeve ut fleire soloalbum. Den «klassiske» besetninga av Ultravox kom saman att i 2008 og gav i 2012 ut eit nytt album. I 2016 annonserte Currie at han trekte seg attende frå Ultravox, og i mai 2016 gav han ut det tiande soloalbumet sitt, Doppel.
Tilknytte artistar
endre- Barry Edwards' «The Ritual Theatre»
- Ultravox (1974–1988, 1991–1996, 2009)
- Visage (1979–1984)
- Gary Numan (1979–80)
- The Armoury Show (1985)
- Humania (1988–89)
- Phil Lynott
- Steve Howe
Diskografi
endreMed Ultravox
endre- Ultravox! (1977)
- Ha!-Ha!-Ha! (1977)
- Systems of Romance (1978)
- Vienna (1980)
- Rage in Eden (1981)
- Quartet (1982)
- Monument (1983)
- Lament (1984)
- U-Vox (1986)
- Revelation (1993)
- Ingenuity (1996)
- Brilliant (2012)
Med Gary Numan
endre- The Pleasure Principle (1979) (gjest)
- Living Ornaments '79 (1981)
Med Visage
endreMed Dead or Alive
endre- Unhappy Birthday (1990)
Med Humania
endre- Sinews of the Soul (2005, innspelt 1989)
Solo
endre- Transportation (1988)
- Stand Up and Walk (1991)
- Unearthed (2001)
- Keys and the Fiddle (2001)
- Push (2002)
- Pieces of the Puzzle (2003)
- Still Movement (2004)
- Accidental Poetry of the Structure (2007)
- Refine (2009)
- Balletic Transcend (2013)
- Doppel (2016)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Billy Currie» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Biografi på Billy Currie.com
- ↑ Ultravox.org.uk Arkivert 20. august 2008 ved Wayback Machine.