Rocher de Monaco («Monacoklippa») er ein 141 meter høg monolitt i Middelhavet i Monaco.

Utsyn mot Monaco-Ville og klippa
Klippa i 1890

Klippa har alltid vore ein ettertrakta stad heilt sidan førhistorisk tid. Massalia koloniserte området og kalla det Monoïkos (gammalgresk Μόνοικος). Rocher de Monaco var òg den første erobringa til Grimaldi-familien, som herska over landet i meir enn 700 år etter at guelfaren François Grimaldi kledde seg ut som ein fransiskanarmunk for kome inn i byen og opne portane for soldatane sine.

I dag er klippa den eldste av Monaco sine fire bydelar, Monaco-Ville, der gamlebyen ligg. Det er ikkje langt frå fyrstepalasset (fransk Le Palais Princier), residensen til den noverande fyrsten Albert II av Monaco og fyrstefamilien. Rocher de Monaco er ein populær turistattraksjon.

Kjelder endre