Rock & Roll av The Velvet Underground
Rock & Roll Singel av The Velvet Underground frå albumet Loaded | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | August 1973 | |
Innspelt | 15. april 1970 | |
Sjanger | Proto-punk[1] | |
Lengd | 4:47 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
Produsent |
|
«Rock & Roll» er ein song av The Velvet Underground frå 1970 på albumet deira Loaded. Songen var skriven av den dåverande frontmannen Lou Reed, som fortsette å spele songen seinare i solokarrieren sin.[2]
Songen fortel om starten på rock & roll og fortel om jenta Jenny som vart «berga av rock and roll».
I platenotata til Velvet Underground-plateboksen Peel Slowly and See, skreiv Lou Reed wrote «'Rock and Roll' handlar om meg. Om eg ikkje hadde høyrd rock and roll på radio, hadde eg ikkje visst at det var liv på denne planeten. Noko som hadde vore ødeleggande - å tenka på at alt, overalt var det som det var der eg kom frå. Det ville vore djupt nedslåande. Filmar gjorde det ikkje for meg. TV gjorde det ikkje for meg. Det var radioen som gjorde det.»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rock & Roll (The Velvet Underground song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Doyle Greene (17. februar 2016). Rock, Counterculture and the Avant-Garde, 1966-1970: How the Beatles, Frank Zappa and the Velvet Underground Defined an Era. McFarland. s. 15. ISBN 978-1-4766-2403-7.
- ↑ «Rock & Roll». Song Stories. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 4. november 2013. Henta 25. mars 2022.