Roger Kjendalen (fødd 6. juni 1965) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Porsgrunn. Han var rykkromspelar på Noregs landslag i perioden 1985-98, skåra då 939 mål på 246 landskampar.

Roger Kjendalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1965 (58 år)
Idrett handball

Kjendalen slo gjennom med barndomsklubben Urædd, vann to NM-gull og to seriemeisterskap med laget og i 1987 kåra til årets spelar. Sidan vart norsk meister 1992/93 og seriemeister 1994 med IL Runar. I 1994 toppskårar i eliteserien med 158 mål. Seinare gjorde han i tida 1995-2000 teneste i tyske Flensburg-Handewitt, der han var med om å vinne EHF-cupen 1997 og City-cupen 1999. Etter ein sesong i Sveits og ein sesong med Drammen HK, avslutta Kjendalen med spel for Sandefjord TIF frå 2002 til -08. Med Sandefjord TIF vart han norsk meister i 2003 og seriemeister i 2003, 2004, 2006 og 2007.

Kjelder endre