Opna hovudmenyen

Idrettsforeningen Urædd

(Omdirigert frå Urædd)

Idrettsforeningen Urædd er eit idrettslag heimehøyrande i Porsgrunn, stifta 25. april 1894 som Porsgrunds Fotball Klubb. Namnet Urædd er frå 1905. Idrettslaget er aktivt med i bryting, fotball, friidrett, handball, ski og turn.

Urædd har særleg markert seg i friidrett og handball. Kjende friidrettsutøvarar er hekkeløparen Ragnar Moland og sprintaren Odd Evensen frå 1960-/70-åra, seinare kom diskoskastarane Olav Jenssen og Svein Inge Valvik og kulestøytarane Lars Arvid Nilsen og Georg Andersen, som begge vart dømde for doping.

Urædds handballag for menn var eit av landets fremste lag gjennom store delar av 1980-talet.

Kvinnelaget til Urædd i fotball spelte i toppserien i 2016-sesongen.

KjelderEndra