Rogged Bay
Rogged Bay er ei lita bukt som ligg like nord for Cape Disappointment, sørenden av Sør-Georgia. Namnet «Rogged Bay», som truleg vart nytta av tidlege selfangarar, vart registrert av Arnaldo Faustini på eit kart i 1906 og seinare nytta om ei større bukt i nærleiken. Etter ei landmåling i 1951-52 rapporterte South Georgia Survey at den vesle bukta like nord for Cape Disappointment måtte ha eit namn. Det eksisterande namnet Rogged Bay vart tilrådd av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954.
Rogged Bay | |||
bukt | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°52′S 36°7′W / 54.867°S 36.117°W | ||
Rogged Bay 54°52′00″S 36°07′00″W / 54.8667°S 36.1167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rogged Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).