Rogsøyfjorden
68°48′40″N 15°31′49″E / 68.81111°N 15.53028°E Rogsøyfjorden eller Roksøyfjorden er ein fjord i Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2 km søraustover til botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Litlestamneset i vest og Holmen i aust. Rogsøya, som fjorden er kalla opp etter, ligg like nord for innløpet, medan garden Rogsøy ligg på austsida like sør for Holmen. Rogsøymyran ligg på austsida av fjorden og strekkjer seg oppover Rogsøydalen.
Riksveg 82 går langs austsida av fjorden.