Roland Nilsson
Roland Nilsson (fødd 27. november 1963 i Helsingborg) er ein tidlegare svensk fotballspelar som er fotballtrenar for det svenske U-21 landslaget (2020). På bana var han høgreback. Han fekk til saman 116 landskampar som spelar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 27. november 1963 (61 år) | ||
Fødestad | Helsingborg i Sverige | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Høgreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sverige U-21 (trenar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1981-1983 | Helsingborg | 38 | (3) |
1983–1989 | IFK Göteborg | 124 | (7) |
1989—1994 | Sheffield Wednesday | 151 | (2) |
1994—1997 | Helsingborg | 64 | (0) |
1997—1999 | Coventry City | 60 | (0) |
1999–2001 | Helsingborg | 40 | (4) |
2001–2002 | Coventry City | 9 | (0) |
2004—2006 | GAIS | 7 | (0) |
Totalt | 446 | (12) | |
Landslag | |||
1980 | Sverige U-16 | 4 | (1) |
1981–1982 | Sverige U-18 | 19 | (4) |
1984—1986 | Sverige U-19 | 13 | (1) |
1987–1988 | Sverige OL | 9 | (0) |
1986—2000 | Sverige | 116 | (1) |
Trenar for | |||
2001–2002 | Coventry City | ||
2004—2007 | GAIS | ||
2008—2011 | Malmö FF | ||
2011–2012 | FC København | ||
Landslagstrenar for | |||
2017— | Sverige U-21 | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreNilsson byrja si seniorkarriere for heimklubben Helsingborg hvor han spelte i to år før han melde overgang til IFK Göteborg i 1983. Denne perioden var klubbens storhetsperiode, og klubben deltok i store turneringar, der dei mellom anna vann UEFA-cupen i 1982 og i 1987. Etter å ha spelt 120 kampar og vunne ein europacupmedalje og tre seriemeisterskap melde han i desember overgang til engelske Sheffield Wednesday under manager Ron Atkinson, i det som skulle bli eit av tre opphold i engelsk klubbfotball.
Hans fyrste sesong med klubben endte med nedrykk frå den øvste divisjonen, men Nilsson valde å bli i klubben og vart ein favoritt blant klubbtilhengjarane med spelet sitt i åra som følgde. Mellom anna var han ein sterk bidragsytar til at klubben vann den engelsk ligacupen i 1991 og at klubben nådde både FA-cup og ligacupfinalar i 1993. I tillegg til dette at klubben spelte i europacupkampar for fyrste gong på 30 år. I januar 1994 offentliggjorde Nilsson at ville vende heim til Sverige, men vart overtalt av manageren Trevor Francis om å bli i klubben til vårsesongen var over. Etter å ha spilt over 150 kampar for Sheffield Wednesday dro han tilbake til Helsingborgs IF, der han spelte i tre sesongar utan å vinne noko anna enn andreplassar i Allsvenskan og i cupen. Han vart for øvrig årets spelar i Sverige i 1996. I 1997 dro han igjen til England, men denne gong til Coventry City under manager Ron Atkinson, som òg hadde kjøpt til Sheffield Wednesday i 1989. På tross av at han var 33 år var han likevel ikkje av dei eldste spelarane i klubben med spelarar som Steve Ogrizovic og Kevin Richardson seint i 30-åra og Gordon Strachan som var 40 år. I denne perioden sleit klubben sportsleg men fekk likevel speletid av både Atkinson og den nye manageren Strachan. I 1999 vende han tilbake til Helsingborg hvor han var i to sesongar utan å få nevneverdig speletid.
Landslagsspel
endreNilsson gjorde landslagsdebuten sin mot Hellas i mai 1986. Den fyrste internasjonale turneringa hans var Sommar-OL 1988 i Seoul. Han deltok òg i VM i fotball 1990 som vart arrangert i Italia. I dette meisterskapet tapte laget alle dei innleiande gruppekampane mot høvesvis Brasil, Costa Rica og Skottland. Sverige gjorde det likevel betre under europameisterskapet i fotball 1992 arrangert på heimebane, da landslaget spelte seg til ein plass i semifinalen som dei tapte mot Tyskland. Nilsson spilte for øvrig i alle kampane til Sverige i desse meisterskapane. Han spelte òg alle kampane under VM i fotball 1994 som vart arrangert i USA, då Sverige endte opp med ein bronsemedalje etter å ha vunne bronsekampen mot Bulgaria. Nilssons siste meisterskap var Europameisterskapen i fotball 2000, der han berre spelte ein halv omgang mot Belgia. Han spelte sin siste landskamp mot Slovakia den 11. oktober 2000.
I ein periode hadde han nest flest landskampar for herrelandslaget, berre slått av Thomas Ravelli.
Merittar
endre- Svensk seriemeister: 1983, 1984 og 1987 med IFK Göteborg og 1999 med Helsingborg
- UEFA-cup vinnar: 1987 med IFK Göteborg
- Engelsk ligacupvinnar: 1991 med Sheffield Wednesday
- Bronsemedalje: med Sverige i VM i 1994.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roland Nilsson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2024.