VM i fotball 1994
Verdsmeisterskapen i fotball i 1994 vart avvikla i USA i tida 17. juni-17. juli 1994. Dei 52 kampane vart spelt på ni arenaer i like mange byar; Pasadena, East Rutherford, Palo Alto, Dallas, Foxborough, Orlando, Chicago, Washington D.C. og Pontiac. Brasil vart verdsmeister for fjerde gong då dei vann 3-2 i straffesparktevlinga, etter 120 mållause minuttar mot Italia. Meisterskapen var den 15. i rekka, og var den fyrste arrangert utanfor Europa og Latin-Amerika.
Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same som ved dei føregåande meistarskapane. Deltakarlanda vart delte inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe og dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Romania, Sverige, Brasil, Nederland, Tyskland og Spania tok seg vidare frå åttedelsfinalane etter 90 minuttars spel, Italia trengde derimot ekstraomgangar for å slå ut Nigeria, medan Bulgaria sende Mexico heim gjennom straffeskytinga.
Brasil, Italia og Bulgaria sikra seg semifinalplass med eittmålssigrar over høvesvis Nederland, Spania og Tyskland. Sverige fekk den siste semfinaleplassen då laget vann 5-4 etter straffesparktevling mot Romania, ved full tid stod det 2-2. I semifinalene vann Brasil 1-0 over Sverige og Italia 2-1 over Bulgaria. Sverige tok bronsemedaljen etter å ha vunne med 4 mot 0 over Bulgaria.
Hristo Stoitsjkov frå Bulgaria og Oleg Salenko frå Russland vart toppskårarar med kvar sine seks mål.
Noreg deltok i verdsmeisterskapen i fotball for fyrste gong sidan 1938. Laget enda på fjerdeplass i gruppe F, med like mange poeng som dei andre landa i gruppa, men med dårlegare målskilnad. Egil Olsen var norsk landslagssjef.
Finalen
endreVM-finalen i 1994 fann stad i Pasadena i California den 17. juli med 94 194 tilskodarar til stades på Rose Bowl. Kampen var prega av defensivt spel og enda 0-0. I straffesparktevlinga skaut Roberto Baggio over på Italias femte straffe, og ettersom berre to av lagkameratane hans hadde fått nettkjenning stod Brasil att som vinnar med 3-2. Det var fyrste gongen ein VM-finale vart avgjort med straffeskyting.
Brasil sine verdsmeistrar var Cláudio Taffarel, Jorginho, Aldair Santos, Márcio Santos, Branco, Mauro Silva, Carlos Dunga, Mazinho, Zinho, Romário og Bebeto. Cafu kom inn for Jorginho i det 21. minutt og Paulo Sérgio Rosa for Mazinho i det 106. minutt.
Italia stilte med Gianluca Pagliuca, Antonio Benarrivo, Roberto Mussi, Franco Baresi, Paolo Maldini, Nicola Berti, Demetrio Albertini, Dino Baggio, Roberto Donadoni, Roberto Baggio og Daniele Massaro. Luigi Apolloni tok plassen til Mussi i det 35. minutt og Alberigo Evani erstatta Dino Baggio etter 95 minuttars spel.
Gruppespelet
endreGruppe A
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Romania | 3 | 2 | 0 | 1 | 5–5 | 0 | 6 |
2 | Sveits | 3 | 1 | 1 | 1 | 5–4 | 1 | 4 |
3 | USA | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–3 | 0 | 4 |
4 | Colombia | 3 | 1 | 0 | 2 | 4–5 | −1 | 3 |
18. juni 1994 | ||||
USA | 1–1 | Sveits | Pontiac Silverdome, Pontiac Tilskodarar: 73 425 Dommar: Francisco Lamolina (Argentina) | |
Wynalda 44' | Bregy 39' | |||
18. juni 1994 | ||||
Colombia | 1–3 | Romania | Rose Bowl, Pasadena Tilskodarar: 91 856 Dommar: Jamal Al-Sharif (Syria) | |
Valencia 43' | Răducioiu 15', 89' Hagi 34' | |||
22. juni 1994 | ||||
Romania | 1–4 | Sveits | Pontiac Silverdome, Pontiac Tilskodarar: 61 428 Dommar: Neji Jouini (Tunisia) | |
Hagi 35' | Sutter 16' Chapuisat 52' Knup 65', 72' | |||
22. juni 1994 | ||||
USA | 2–1 | Colombia | Rose Bowl, Pasadena Tilskodarar: 93 800 Dommar: Fabio Baldas (Italia) | |
Escobar 35' (sjølvmål) Stewart 52' |
Valencia 90' | |||
26. juni 1994 | ||||
Sveits | 0–2 | Colombia | Stanford Stadium, Stanford Tilskodarar: 83 401 Dommar: Peter Mikkelsen (Danmark) | |
Gaviria 44' Lozano 90' | ||||
26. juni 1994 | ||||
USA | 0–1 | Romania | Rose Bowl, Pasadena Tilskodarar: 93 869 Dommar: Mario van der Ende (Nederland) | |
Petrescu 18' | ||||
Gruppe B
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Brasil | 3 | 2 | 1 | 0 | 6–1 | 5 | 7 |
2 | Sverige | 3 | 1 | 2 | 0 | 6–4 | 2 | 5 |
3 | Russland | 3 | 1 | 0 | 2 | 7–6 | 1 | 3 |
4 | Kamerun | 3 | 0 | 1 | 2 | 3–11 | −8 | 0 |
19. juni 1994 | ||||
Kamerun | 2–2 | Sverige | Rose Bowl, Pasadena Tilskodarar: 93 869 Dommar: Alberto Tejada (Peru) | |
Embé 31' Omam-Biyik 47' |
Ljung 8' Dahlin 75' | |||
20. juni 1994 | ||||
Brasil | 2–0 | Russland | Stanford Stadium, Stanford Tilskodarar: 81 061 Dommar: Lim Kee Chong (Mauritius) | |
Romario 26' Raí 52' (straffe) |
||||
24. juni 1994 | ||||
Brasil | 3–0 | Kamerun | Stanford Stadium, Stanford Tilskodarar: 83 401 Dommar: Arturo Brizio Carter (Mexico) | |
Romário 39' Márcio Santos 66' Bebeto 73' |
||||
24. juni 1994 | ||||
Sverige | 2–0 | Russland | Pontiac Silverdome, Pontiac Tilskodarar: 71 528 Dommar: Joël Quiniou (Frankrike) | |
Brolin 39' (straffe) Dahlin 60', 82' |
Salenko 4' (straffe) | |||
28. juni 1994 | ||||
Russland | 6–1 | Kamerun | Stanford Stadium, Stanford Tilskodarar: 74 914 Dommar: Jamal Al-Sharif (Syria) | |
Salenko 15', 41', 44', straffe', 72', 75' Radtsjenko 81' |
Milla 46' | |||
28. juni 1994 | ||||
Brasil | 1–1 | Sverige | Pontiac Silverdome, Pontiac Tilskodarar: 77 217 Dommar: Sándor Puhl (Ungarn) | |
Romário 47' | K. Andersson 23' | |||
Gruppe C
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–3 | 2 | 7 |
2 | Spania | 3 | 1 | 2 | 0 | 6–4 | 2 | 5 |
3 | Sør-Korea | 3 | 0 | 2 | 1 | 4–5 | −1 | 2 |
4 | Bolivia | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–4 | −3 | 1 |
17. juni 1994 | ||||
Tyskland | 1–0 | Bolivia | Soldier Field, Chicago Tilskodarar: 63 117 Dommar: Arturo Brizio Carter (Mexico] | |
Klinsmann 60' | ||||
17. juni 1994 | ||||
Spania | 2–0 | Sør-Korea | Cotton Bowl, Dallas Tilskodarar: 56 247 Dommar: Peter Mikkelsen (Danmark) | |
Salinas 51' Goikoetxea 55' |
Hong Myung-bo 85' Seo Jung-won 88' | |||
21. juni 1994 | ||||
Tyskland | 1–1 | Spania | Soldier Field, Chicago Tilskodarar: 63 113 Dommar: Filippi Cavani (Uruguay) | |
Klinsmann 48' | Goikoetxea 14' | |||
23. juni 1994 | ||||
Sør-Korea | 0–0 | Bolivia | Foxboro Stadium, Foxborough Tilskodarar: 54 453 Dommar: Leslie Mottram (Skottland) | |
27. juni 1994 | ||||
Bolivia | 1–3 | Spania | Soldier Field, Chicago Tilskodarar: 63 089 Dommar: Rodrigo Badilla (Costa Rica) | |
E. Sánchez 67' | Guardiola 19' (straffe) Caminero 66', 70' | |||
27. juni 1994 | ||||
Tyskland | 3–2 | Sør-Korea | Cotton Bowl, Dallas Tilskodarar: 63 998 Dommar: Joël Quiniou (Frankrike) | |
Klinsmann 12', 37' Riedle 20' |
Hwang Sun-hong 52' Hong Myung-bo 89' | |||
Gruppe D
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Nigeria | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–2 | 4 | 6 |
2 | Bulgaria | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–3 | 3 | 6 |
3 | Argentina | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–3 | 3 | 6 |
4 | Hellas | 3 | 0 | 0 | 3 | 0–10 | −10 | 0 |
21. juni 1994 | ||||
Argentina | 4–0 | Hellas | Foxboro Stadium, Foxborough Tilskodarar: 54 456 Dommar: Arturo Angeles (USA) | |
Batistuta 2', 44', 90' (straffe) Maradona 60' |
||||
21. juni 1994 | ||||
Nigeria | 3–0 | Bulgaria | Cotton Bowl, Dallas Tilskodarar: 44 132 Dommar: Rodrigo Badilla (Costa Rica) | |
Yekini 21' Amokachi 43' Amunike 55' |
||||
25. juni 1994 | ||||
Argentina | 2–1 | Nigeria | Foxboro Stadium, Foxborough Tilskodarar: 54 453 Dommar: Bo Karlsson (Sverige) | |
Caniggia 21', 28' | Siasia 8' | |||
26. juni 1994 | ||||
Bulgaria | 4–0 | Hellas | Soldier Field, Chicago Tilskodarar: 63 160 Dommar: Ali Bujsaim (Dei sameinde arabiske emirata) | |
Stoitsjkov 5' (straffe), 55' (straffe) Letsjkov 65' Borimirov 90' |
||||
30. juni 1994 | ||||
Argentina | 0–2 | Bulgaria | Cotton Bowl, Dallas Tilskodarar: 63 998 Dommar: Neji Jouini (Tunisia) | |
Stoitsjkov 61' Sirakov 90+3' | ||||
30. juni 1994 | ||||
Hellas | 0–2 | Nigeria | Foxboro Stadium, Foxborough Tilskodarar: 53 001 Dommar: Leslie Mottram (Skottland) | |
George 45+2' Amokachi 90+5' | ||||
Gruppe E
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Mexico | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–3 | 0 | 4 |
2 | Irland | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–2 | 0 | 4 |
3 | Italia | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–2 | 0 | 4 |
4 | Noreg | 3 | 1 | 1 | 1 | 1–1 | 0 | 4 |
18. juni 1994 | ||||
Italia | 0–1 | Irland | Giants Stadium, East Rutherford Tilskodarar: 75 338 Dommar: Mario van der Ende (Nederland) | |
Houghton 11' | ||||
19. juni 1994 | ||||
Noreg | 1–0 | Mexico | RFK Stadium, Washington, D.C. Tilskodarar: 52 395 Dommar: Sándor Puhl (Ungarn) | |
Rekdal 84' | ||||
23. juni 1994 | ||||
Italia | 1–0 | Noreg | Giants Stadium, East Rutherford Tilskodarar: 74 624 Dommar: Hellmut Krug (Tyskland) | |
D. Baggio 69' | ||||
24. juni 1994 | ||||
Mexico | 2–1 | Irland | Citrus Bowl, Orlando Tilskodarar: 60 790 Dommar: Kurt Röthlisberger (Sveits) | |
García 42', 65' | Aldridge 84' | |||
28. juni 1994 | ||||
Italia | 1–1 | Mexico | RFK Stadium, Washington, D.C. Tilskodarar: 52 535 Dommar: Francisco Lamolina (Argentina) | |
Massaro 48' | Bernal 57' | |||
28. juni 1994 | ||||
Irland | 0–0 | Noreg | Giants Stadium, East Rutherford Tilskodarar: 72 404 Dommar: José Torres Cadena (Colombia) | |
Gruppe F
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Nederland | 3 | 2 | 0 | 1 | 4–3 | 1 | 6 |
2 | Saudi-Arabia | 3 | 2 | 0 | 1 | 4–3 | 1 | 6 |
3 | Belgia | 3 | 2 | 0 | 1 | 2–1 | 1 | 6 |
4 | Marokko | 3 | 0 | 0 | 3 | 2–5 | −3 | 0 |
19. juni 1994 | ||||
Belgia | 1–0 | Marokko | Citrus Bowl, Orlando Tilskodarar: 61 219 Dommar: José Torres Cadena (Colombia) | |
Degryse 11' | ||||
20. juni 1994 | ||||
Nederland | 2–1 | Saudi-Arabia | RFK Stadium, Washington, D.C. Tilskodarar: 50 535 Dommar: Manuel Díaz Vega (Spania) | |
Jonk 50' Taument 90' |
Anwar 18' | |||
25. juni 1994 | ||||
Saudi-Arabia | 2–1 | Marokko | Giants Stadium, East Rutherford Tilskodarar: 76 322 Dommar: Philip Don (England) | |
Al-Jaber 7' (straffe) Anwar 46' |
Chaouch 26' | |||
25. juni 1994 | ||||
Belgia | 1–0 | Nederland | Citrus Bowl, Orlando Tilskodarar: 62 387 Dommar: Renato Marsiglia (Brasil) | |
Albert 65' | ||||
29. juni 1994 | ||||
Belgia | 0–1 | Saudi-Arabia | RFK Stadium, Washington, D.C. Tilskodarar: 52 959 Dommar: Hellmut Krug (Tyskland) | |
Al-Owairan 5' | ||||
29. juni 1994 | ||||
Marokko | 1–2 | Nederland | Citrus Bowl, Orlando Tilskodarar: 60 578 Dommar: Alberto Tejada (Peru) | |
Nader 47' | Bergkamp 43' Roy 77' | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fußball-Weltmeisterschaft 1994» frå Wikipedia på tysk, den 24. juli 2015.