Rolf Birger Pedersen

norsk fotballspelar

Rolf Birger Pedersen (23. september 193922. mars 2001) var ein norsk fotballspelar frå Bergen. «Pesen», som han vart kalla, vart seriemeister 1962 og -63 med Sportsklubben Brann og spelte 15 landskampar i tida 1958-62. «Han har sin styrke i skuddene, men er også en rask og effektiv kombinasjonsspiller» skriv Magnus Breili i Fotballboken. Faren Birger Pedersen spelte elles tre landskampar for Noreg midt i 1930-åra.

Rolf Birger Pedersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1939
Bergen
Død

22. mars 2001 (61 år)
Bergen

Idrett fotball

Rolf Birger Pedersen debuterte på Brann i 1957, der han oftast hadde ei indreløpar-rolle. Allereie våren 1958 fekk han sin landslagsdebut, men det var i åra 1959-61 han spelte dei aller fleste av dei 15 kampane han fekk med flagget på brystet. Han skåra då fem landslagsmål.

På klubblaget Brann opplevde han stor suksess då laget vann Hovudserien 1961–62, den såkalla maratonserien. Laget gjekk heilt til topps i serien, som varte i 1½ sesong, og Pedersen vart toppskårar med 26 mål. Brann vart seriemeister også i 1963, fyrste året då toppserien i Noreg bar namnet 1. divisjon. Nest etter Roald «Kniksen» Jensen var «Pesen» den viktigaste Brann-spelaren i desse gullåra for laget.

Pedersen var Brann-spelar til 1972. Både han og laget fall mykje i kvalitet etter 1963. Med sine 132 nettkjenningar på 226 obligatoriske kampar er han likevel den Brann-spelaren med flest serie- og cupmål.

Etter at han la opp som spelar i Brann i 1972 hadde Pedersen ulike tillitsverv i SK Brann. Ei tid var han styreformann.

Kjelder endre