Rolf Brahde
norsk astronom
Carl Rolf Brahde (15. mars 1918–25. mai 2009) var ein norsk astronom.
Rolf Brahde | |||
Fødd | 15. mars 1918 Tvedestrand | ||
---|---|---|---|
Død | 25. mai 2009 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | astronom | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Brahde var observator ved Universitetet i Oslo frå 1949 og professor der 1988–1989, mellom anna med ansvar for utbygginga av solobservatoriet på Harestua. Dei viktigaste arbeida hans var innafor astronomisk instrumentering, databehandling og tidvassutrekningar. Brahde publiserte mange populærvitskapelege artiklar, avhandlinger og bøker, mellom anna tabellverket Solas stilling i Norge (1970) som gjev den daglege og årlege rørsla til sola på himmelen for 204 stader i Noreg. Han rekna ut Almanakk for Norge frå 1967 til 1991.
Kjelder
endre- «Rolf Brahde», Store norske leksikon, 2009, 27. mai, henta 13. august 2014