Opna hovudmenyen

Emil Rudolf Nesch, kjend som Rolf Nesch, (7. januar 189327. oktober 1975) var ein tysk-norsk målar og grafikar fødd i Oberesslingen am Neckar, død i Oslo. Han er særleg kjend for sine nyskapande grafiske verk frå 1930-talet, både frå før han flykta frå Tyskland i 1933, og i åra etter.

Rolf Nesch
72334 Rolf Nesch.jpg
Fødd 7. januar 1893
Oberesslingen
Død

27. oktober 1975
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar, bilethoggar
Rolf Nesch på Commons
Bro over Elben, 1932

Nesch var fødd i Oberesslingen i Württemberg.[1] Under første verdskrigen var Nesch soldat og blei såra.

Rolf Nesch kom til Noreg i 1933, etter at [[Adolf Hitler>Hitler]] hadde kome til makta i heimlandet. Før han forlét Tyskland hadde Nesch vekt merksemd med grafikken sin, og i Noreg skapte han i 1933-34 serien «Snegrafikk», som var inspirert av norsk natur og arbeidsliv. Innan grafikk eksperimenterte han med plater pålodda netting, kopartråd og metallbitar og fekk på den måten ein dekorativ relieffverknad. Han laga også karakteristiske skulpturar, mest hovud, i stein og bronse.

Det mange forbind med Nesch er originale materialbilde som er sett saman av metallplater og metalltråd, netting, spikar, stein, glas, glimmer, kork, tau, treverk og så vidare. I slutten av 1930-åra utforma han nokre kjende fiskebilde, «Jukseflåten» og «Lofotfiskere trekker garn». Med utgangspunkt i ein serie grafiske blad frå 1938 fullførte han i 1965 det 11 meter lange og 3 meter høge dekorative feltet «Sildefiske» i Indekshuset i Oslo, eit verk som på 70-talet blei rekna som det rikaste arbeidet i norsk monumentalkunst etter krigen.

Nesch kjøpte garden Rud ved Ål i Hallingdal i 1951. Her budde han og arbeidde resten av livet. I 1993 blei det opna eit eige Nesch-museum i Ål.[2]

KjelderEndra

  1. «Rolf Nesch i Ål» Kunstreisen NRK P2 http://nrk.no/programmer/radio/kunstreisen/1.7383387
  2. http://nrk.no/programmer/radio/kunstreisen/1.7383387

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur
  • Askeland, Jan: Rolf Nesch, Det norske studentersamfunds kulturutvalg, Oslo 1958.
  • Askeland, Jan: «Rolf Nesch», i Profiler i norsk grafikk, Dreyers forlag, Oslo 1958.
  • Askeland, Jan: «Rolf Nesch», i Gyldendals leksikon over moderne nordisk kunst, Gyldendal norsk forlag, Oslo 1958, s. 160-161.
  • Askeland, Jan: Rolf Nesch. Alkymisten, Kunst og Kulturs serie, Oslo 1969.
  • Askeland, Jan: Norwegian Printmakers, Oslo 1978.
  • Castleman, Riva: Prints of the 20th Century. A History, London 1988.
  • Gauguin, Pola: «Rolf Nesch», i Kunsten idag 1948, vol. 1, nr. 2, s. 3-23.
  • Haftmann, Werner: Verfemte Kunst, Köln 1986.
  • Helliesen, Sidsel: Rolf Nesch – Sommer ved Oslofjorden, Nasjonalgalleriet 1997.
  • Helliesen, Sidsel: «En fremmed fugl med stort vingespenn: Rolf Nesch» i Norsk grafikk gjennom 100 år, Aschehoug forlag, Oslo 2000, ISBN 82-03-22551-9.
  • Helliesen, Sidsel og Bodil Sørensen: «Rolf Nesch» i Norsk kunstnerleksikon, Oslo 1986.
  • Helliesen, Sidsel og Bodil Sørensen: Rolf Nesch: The Complete Graphic Works, Milano/Oslo 2009, ISBN 978-88-572-0051-4 / ISBN 978-88-572-0400-0.
  • Hentzen, Alfred: Rolf Nesch. Graphik, Materialbilder, Plastik, Stuttgart 1960, New York 1964.
  • Hentzen, Alfred og Wolf Stubbe: Rolf Nesch. Graphik, Berlin/Oslo 1973.
  • Hjelle, Eivind Otto: Rolf Nesch, Oslo 1998, ISBN 82-05-25653-5.
  • Hjelle, Eivind Otto, Sidsel Helliesen og Leo Oterhals: Rolf Nesch, Galleri Kaare Berntsen 2006.
  • Kristiansen, Runar: Edvard Munch, Nikolai Astrup, Rolf Nesch, Ludvig Eikaas, Jølster 1998, ISBN 82-91882-01-0, ib., ISBN 82-91882-02-9, h.
  • Stubbe, Wolf: Die Graphik des 20. Jahrhunderts, Berlin 1962.
  • Wiik, Eva: Min venn Rolf Nesch, Oslo 1994, ISBN 82-504-2157-4.
      Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.