Romanche
Romanche er ei 78 km lang elv søraust i Frankrike, og ei av sideelvane til Drac frå høgre, som igjen er ei sideelv til Isère). Ho har sitt utspring i den nordlege delen av Massif des Écrins i Dauphiné-Alpane. Ho munnar ut i Drac i Champ-sur-Drac, sør for Grenoble. Vegen frå Grenoble til Briançon over Col du Lautaret går gjennom Romanchedalen. Det ligg fleire fjell- og skisenter i dalen, inkludert Alpe d'Huez, La Grave og Les Deux Alpes.
Romanche | |||
elv | |||
Romanche og Pics de Chamoissière i Parc national des Écrins
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Lengd | 78 km | ||
Kjelde | Massif des Écrins | ||
Munning | Drac | ||
Romanche 45°05′23″N 5°43′33″E / 45.089722222222°N 5.7258333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Romanche River |
Romanche renn gjennom følgjande departement og byar: