x

Col du Lautaret er eit 2.057 m høgt fjellpass i dei franske alpane som knyter saman dalane Oisans og Briançonnais.

Col du Lautaret
Vegen D1091 over Col du Lautaret
Vegen D1091 over Col du Lautaret

Vegen D1091 over Col du Lautaret

Vest Søraust
Passhøgd 2 057 m
Département Hautes-Alpes
Vasskilje Torrent du Lautaret[1]Romanche (Rhône) GuisaneDurance (Rhône)
Stader Le Bourg-d'Oisans Briançon
Samband D1091
Fjellområde Dei franske Alpane
Profil
Stigning (snitt) 3,4 % (1 337 m / 39,3 km) 2,7 % (731 m / 27,4 km)
Stigning (maks) 5,9 % (ved km 30) 5,2 % (ved km 25)
Kart
Col du Lautaret (Frankreich)
Col du Lautaret (Frankreich)
Col du Lautaret
Col du Lautaret
x
Koordinatar 45° 2′ 7″ N, 6° 24′ 18″ AKoordinatar: 45° 2′ 7″ N, 6° 24′ 18″ A

Ein kan nå passet frå tre sider. Søraustsida startar i Briançon. Vestsida frå landsbyen Le Clapier ved Le Bourg-d'Oisans er den lengste og tyngste opp. Ved vegen ligg det oppdemte vatnet Lac du Chambon og vintersportstaden La Grave. Frå nord kjem ein til Lautaret frå Saint-Michel-de-Maurienne over Col du Télégraphe (1 566 m), skistaden Valloire og Col du Galibier (2 645 m).

Vegane til Col du Lautaret er nesten kvart år i bruk under Tour de France. Fritidssyklistar kan nå fleire pass frå Col du Lautaret: Col du Galibier, Col de la Madeleine (2 000 m), Col du Glandon (1 924 m), Col de la Croix-de-Fer (2 067 m) og Col d'Izoard (2 360 m). Lautaret høyrer til Hautes-Alpes og utgjer forbindelsen med Isère og Savoy.

Nordvest for passhøgda ligg alpinumet Station Alpine Joseph Fourier som blei bygd i 1899.[2]

Referansar

endre
  1. Torrent du Lautaret på sandre.fr
  2. Station Alpine Joseph Fourier, arkivert frå originalen 13. desember 2007, henta 19. februar 2012 

Bakgrunnsstoff

endre