Romany av The Hollies

Romany
Studioalbum av The Hollies
Utgjeve 1. november 1972
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Rock/pop
Lengd 45:29
Selskap U.K.: Polydor LP 2383144
U.S.: Epic KE 31992
Produsent The Hollies
The Hollies-kronologi 
Distant Light
(1971)
Romany Hollies
(1974)


Romany er det 12. studioalbumet til The Hollies, og det første utan frontmannen og songaren Allan Clarke, som hadde slutta for å prøve seg på ein solokarriere. Han vart erstatta av den svenske songaren Mikael Rickfors, som skapte ei radikal endring i songstilen til bandet. Det var òg det første Hollies-albumet med berre ein song skriven av sologitaristen Tony Hicks, som hadde skrive mange songar som Clarke-Hicks-Nash og Clarke-Hicks-Sylvester. Rickfors var det einaste andre bandmedlemmet som skreiv originale songar for albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Den amerikanske utgåva av albumet nådde 84. plassen på Billboard 200, men kom utan songane «Lizzy and the Rainman», og har ei litt anna rekkjefølgje på den første sida. «Courage of Your Convictions» var den songen som høyrdest ut som hitten «Long Cool Woman In a Black Dress», men vart ikkje gjeven ut på singel.

Plateomslaget av Romany har nøyaktig same landskap som det førre albumet, men denne gongen er det vinter og ikkje sommar.

Då albumet var på veg ut vart medlemmane i bandet nervøse.[2] Dei gjorde minst tre endringar på albumet og annonserte ein singel før dei trekte han attende og heldt albumet attende tre månader før det omsider kom ut.[2]

Etter albumet kom ut selde det seks gonger så mange eksemplar den første veka etter det kom ut som noko anna Hollies-album hadde selt på eitt år.[2] Det vart òg meir spelt på FM-radio enn bandet hadde blitt dei førre ni åra.[2]

Innhald endre

Britisk versjon endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Won't We Feel Good»Cy Crane, Herbert Weiner, John Gluck, Jr.3:23
2.«Touch»Mikael Rickfors5:14
3.«Words Don't Come Easy»Colin Jennings3:46
4.«Magic Woman Touch»Colin Jennings, Garth Watt-Roy3:20
5.«Lizzy and the Rainman»Larry Henley, Kenny O'Dell3:20
6.«Down River»David Ackles4:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Slow Down»Cy Crane, Herbert Weiner, John Gluck, Jr.2:57
8.«Delaware Taggett and the Outlaw Boys»Colin Jennings3:12
9.«Jesus Was a Crossmaker»Judee Sill3:46
10.«Romany»Colin Jennings5:28
11.«Blue in the Morning»Kenny Lynch, Tony Hicks3:22
12.«Courage of Your Convictions»Alan Rush, Randy Cullers3:38

Amerikansk versjon endre

Side ein
  1. «Magic Woman Touch» (Colin Jennings, Garth Watt-Roy)
  2. «Touch» (Mikael Rickfors)
  3. «Words Don't Come Easy» (Colin Jennings)
  4. «Won't We Feel Good» (M. Leslie, B. Day)
  5. «Down River» (David Ackles)
Side to
  1. «Slow Down» (M. Leslie, B. Day)
  2. «Delaware Taggett and the Outlaw Boys» (Colin Jennings)
  3. «Jesus Was a Crossmaker» (Judee Sill)
  4. «Romany» (Colin Jennings)
  5. «Blue in the Morning» (Kenny Lynch, Tony Hicks)
  6. «Courage of Your Convictions» (Alan Rush, Randy Cullers)

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Circus Magazine, May 1973. - «Romany - The Hollies Hop Over Disaster» av Janis Schacht.