Romsonden Huygens
Huygens var ein romsonde utvikla av Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) og namnsett etter den nederlandske astronomen Christiaan Huygens som levde på 1600-talet. Landinga til sonden på saturnmånen Titan var ein del av Cassini-Huygens-prosjektet. Romfartøyet Cassini-Huygens blei skoti opp frå jorda 15. oktober 1997. Huygens blei skilt frå morfartøyet Cassini 25. desember 2004, og landa i området Xanadu Regio på Titan 14. januar 2005. Han landa i ei gjørmeblanding av metan og titansk jord. I utviklinga av sonden var det au tatt høgde for at han kunne lande i ein sjø. Sonden sendte data i ca. 90 minutt etter landinga. Huygens tok bilete, lydopptak og andre vitskaplege målingar frå Titan.