Romsonden Magellan

Magellan var ein NASA-sonde som gjekk i bane kring Venus mellom 10. august 1990 og oktober 1994. Sonden var den fyrste amerikanske sonden dedikert til å studera yta til Venus i detalj med radar, og vart utforma som ein oppfylgjar til kartlagingsdelen av Pioneer 12-banesonden.

Illustrasjon av Magellan
Radarbilete av Alpha Regio produsert av Magellan

Ved enden av ferda hadde Magellan kartlagd over 99 % av Venus-yta med ei oppløysing 10 gonger betre enn dei tidlegare sovjetiske sondane Venera 15 og Venera 16.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre