Ronald Fangen
norsk skribent
Ronald August Fangen (29. april 1895–22. mai 1946) var ein norsk forfattar frå Kragerø. Han er mest kjend for romanen Mannen som elsket rettferdigheten (1934). Same år slutta Fangen seg til Oxford-rørsla. I 1940 vart han tildelt Gyldendals legat.
Ronald Fangen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1895 Kragerø |
Død | |
Yrke | skribent, journalist, litteraturkritikar |
Språk | norsk |
Ronald Fangen på Commons |
Ronald Fangen var ein av skiparane av avisa Vårt Land i 1945. Ronald Fangen døydde i ei flyulukke på Fornebu året etter.