Ronne Antarctic Research Expedition

Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) var ein ekspedisjon til Antarktis i 1947-48 som utforska området rundt Den antarktiske halvøya. Norsk-amerikanaren Finn Rønne leia RARE, den siste privatfinansierte amerikanske forskingsekspedisjonen. Ekspedisjonen hadde base på Stonington Island og utforska og kartla den siste ukjende kyststrekning på jorda og fastslo at Weddellhavet ikkje var forbunde med Rosshavet. Ekspedisjonen tilbakela 5 800 kilometer på ski og hundesledar – meir enn nokre andre i historia. Det vart òg gjort rekognoseringsturar og omfattande fotografering frå fly.

East Base på Stonington Island vart nytta som hovudkvarter for ekspedisjonen og er i dag verna som eit kulturminne i Antarktis.

Hustrua til Rønne, Edith deltok som historikar og nyhendekorresponent for North American Newspaper Alliance. Ho og hustrua til sjefspiloten, Jennie Darlington, var dei første kvinnene som overvintra i Antarktis.[1]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Biography: Captain Finn Ronne. Naval Historical Center, arkivert frå originalen 2. oktober 2013, henta 18. oktober 2012 

Litteratur

endre
  • Rønne, Finn (1950) Erobring i Antarktis – Historien om Rønne-ekspedisjonen 1946-1948, Oslo, Gyldendal (oversatt av Jakob R. Sverdrup)

Bakgrunnsstoff

endre