Stonington Island
Stonington Island er ei klipperik øy som ligg 1 nautisk mil nordaust for Neny Island i den austlege delen av Marguerite Bay, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Stonington Island er 750 meter lang frå nordvest til søraust og 300 meter brei og via ei snøfonn knytt til Northeast Glacier på fastlandet. East Base, basen til U.S. Antarctic Service (USAS) sin ekspedisjon (1939–1941), vart bygd på Stonington Island og øya vart av dei kalla opp etter Stonington i Connecticut, heimehamna til sluppen «Hero» som kaptein Nathaniel Palmer nytta då han såg Antarktis i 1820.[1]
Stonington Island | |||
øy | |||
East Base på Stonington Island
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 68°11′S 67°0′W / 68.183°S 67.000°W | ||
Lengd | 0,7 km | ||
Areal | 0,2 km² | ||
Stonington Island 68°11′00″S 67°00′00″W / 68.183333333333°S 67°W | |||
Wikimedia Commons: Stonington Island |
Basen var òg British Antarctic Survey sin Base E under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, og var base for operasjonar for mange historiske landmålingsoppdrag på Den antarktiske halvøya i 1940-åra. Base E var i drift til februar 1975, og vart vaska og reparert i 1992.[2]
Hytta er verna under Antarktistraktaten.[3]
Klima
endreVêrdata for Stonington Islands | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 6 | 7 | 8 | 7 | 4 | 7 | 4 | 4 | 5 | 6 | 8 | 7 | 8 |
Gjennomsnittleg maks °C | 3 | 1 | −2 | −4 | −6 | −8 | −8 | −9 | −8 | −4 | −3 | 2 | −4 |
Gjennomsnittleg min °C | −3 | −4 | −8 | −10 | −14 | −17 | −18 | −19 | −16 | −13 | −9 | −3 | −11 |
Lågast målte °C | −12 | −11 | −35 | −27 | −36 | −37 | −36 | −37 | −39 | −29 | −20 | −13 | −39 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 10 | 15 | 25 | 25 | 43 | 28 | 33 | 25 | 41 | 43 | 23 | 5 | 316 |
Gns. dagar med regn | 3 | 4 | 7 | 7 | 9 | 6 | 7 | 7 | 7 | 8 | 5 | 1 | 71 |
Kjelde: [1] |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stonington Island» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Parfit, Michael; Robb Kendrick (March, 1993). «Reclaiming a Lost Antarktis Base». National Geographic 183 (3): 110–126.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Stonington Island - Antarktis Historic Site and Monument». British Antarctic Survey, Natural Environmental Research Council. Henta 22. oktober 2012.[daud lenkje]
- ↑ Stonehouse, Bernard (2002). Encyclopedia of Antarkter eind the Sørishavets. John Wiley and Sons. ISBN 0-471-98665-8.