Ronnie Spector
Veronica Spector Greenfield (10. august 1943–12. januar 2022), opphavleg Veronica Yvette Bennett, var ein USA-amerikansk songar som skipa jentegruppa The Ronettes i 1957 med den eldre systera Estelle Bennett og syskenbarnet deira Nedra Talley. Bennett fronta gruppa medan plateprodusentem Phil Spector produserte det meste av det dei gav ut. Dei to gifta seg i 1968 og skilde seg i 1972.
Ronnie Spector | |||
| |||
Fødd | 10. august 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City i New York i USA | ||
Død | 12. januar 2022 (78 år) | ||
Dødsstad | Danbury | ||
Fødenamn | Veronica Yvette Bennett | ||
Alias |
| ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1959 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som | Songar | ||
Gift med | Phil Spector |
Bennett song solo på ei rekkje av hittane til The Ronettes første halvdel av 1960-åra, som «Be My Baby» (1963), «Baby, I Love You» (1963) og «The Best Part of Breakin' Up» (1964). I 1964 lanserte ho ein solokarriere med singelen «So Young». Sidan 1980 har Bennett gjeve ut fem studioalbum: Siren (1980), Unfinished Business (1987), Something's Gonna Happen (2003), Last of the Rock Stars (2006) og English Heart (2016). I 1986 fekk ho eit comeback i karrieren sin då ho var med på Eddie Money-songen «Take Me Home Tonight».
Bennett har blitt kalla den opphavlege «bad girl of rock and roll».[1][2] I 2007 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Ronettes.[3]
Diskografi
endreThe Ronettes
endre- Presenting the Fabulous Ronettes Featuring Veronica, 1964
- The Ronettes Greatest Hits – Volume 1, 1981
- The Ronettes Greatest Hits – Volume 2, 1981
- The Best of The Ronettes, 1992
Soloalbum
endreTittel | Albumdetaljar | Listeplassering | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US Heat | |||||||||
Siren |
|
– | |||||||
Unfinished Business |
|
– | |||||||
The Last of the Rock Stars |
|
– | |||||||
English Heart |
|
6 | |||||||
«—» syner at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista. |
Solosinglar
endre- 1964: «So Young» (Phil Spector 1)
- 1964: «Why Don't They Let Us Fall In Love» (Phil Spector 1)
- 1971: Try Some, Buy Some (Apple 1832)
- 1975: «You'd Be Good For Me» (Tom Cat YB-10380)
- 1976: «Paradise» (Warner Spector SPS 0409)
- 1977: «Say Goodbye To Hollywood» (Epic 8-50374)
- 1978: «It's A Heartache» (Alston 3738)
- 1980: «Darlin'» (Polish PR-202)
- 1987: «Who Can Sleep» (Columbia 38-07082)
- 1987: «Love On A Rooftop» (Columbia 38-07300)
Bøker
endre- Be My Baby: How I Survived Mascara, Miniskirts og Madness (1990)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ronnie Spector» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Donovan, Patrick (12. april 2006). «The Last of the Rock Stars». TheAge (Australia).
- ↑ «The Ronettes – Inductees». The Vocal Group Hall of Fame Foundation. 2004. Arkivert frå originalen 20. mars 2007.
- ↑ «The Ronettes». Rock & Roll Hall of Fame (på engelsk). Henta 26. juli 2021.