Ronnie og Donnie Galyon

Ronnie og Donnie Galyon (28. oktober 19514. juli 2020) var to amerikanske siamesiske tvillingar.[1] Ifylgje Guinness rekordbok frå 2009 var Galyon-brørne dei eldste nolevande siamesiske tvillingane i verda. 29. oktober 2014 blei det dei lengstlevande slike tvillingane nokonsinne då dei passerte rekorden til Giacomo og Giovanni Battista Tocci.[2]

Tvillingane blei fødde 28. oktober 1951 på St. Elizabeth Hospital i Dayton i Ohio. Foreldra, Wesley og Eileen Galyon, visste ikkje at dei venta tvillingar. Brørne var samanvaksne frå brystbeinet til skrittet, og hadde felles indre organ.[1] Etter to år ved sjukehuset kom ein fram til at dei ikkje kunne skiljast kirurgisk. Dei fekk ikkje oppleve ein normal skulegang, og blei aldri heilt lesekunnige.[3]

Foreldra hadde ni barn å forsørga, og far deira tok den vanskelege avgjerda å stille dei ut på ein «sideshow»-attraksjon. Dei blei viste fram i USA og Latin-Amerika.[4] Gutane vart kjendisar gjennom denne bransjen, og familien fekk høge inntekter.[3]

I 1991, etter tre tiår i underhaldningsbransjen, trekte tvillingane seg tilbake.[2] Dei flytta for seg sjølv for første gong i heimbyen Dayton, der dei levde eit relativt normalt liv, takka vere ein spesialbygd dobbel rullestol. Sjølv om dei ikkje dreiv med oppvisingar meir, opptredde dei fleire gonger på fjernsyn – på The Jerry Springer Show i 1997, i ein dokumentar på Discovery Channel i 1998 og på ein dokumentar på Channel 5 Storbritannia i 2009.[5][6]

I 2009 fekk Ronnie ein lungeinfeksjon som var livstrugande for begge brørne. Etter eit sjukehusopphald trengte dei begge hjelp heile døgnet. Den yngre broren deira Jim og kona hans Mary, som budde i same by, kunne ikkje husa dei ettersom huset deira ikkje hadde universell utforming. Lokale gåver og innsamlingar bidrog til at dei kunne byggja eit spesialtilpassa tilbygg.[7] 22. desember 2010 viste TLC The World's Oldest Conjoined Twins Move Home om utviklinga.[8]

Ronnie og Donnie Galyon døydde av hjartesvikt på eit hospits i Dayton den 4. juli 2020, omgjevne av familien.[9][10]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Franks, Sarah (4 July 2020). «Galyon brothers, world’s longest-living conjoined twins from Dayton, die at 68». Dayton Daily News. Henta 5 July 2020. 
  2. 2,0 2,1 Engel, Meredith (30. desember 2014). «Ronnie and Donnie Galyon become oldest living conjoined twins». New York Daily News. Henta 27. juni 2018. 
  3. 3,0 3,1 Thoms, Sue (3. juli 2014). «Life as conjoined twins: 'You see the warmest of hearts, and you see the coldest of hearts'». Grand Rapids News. Henta 27. juni 2018. 
  4. Anderson, Elizabeth. «A collection of historic Images - Ronnie & Donnie Galyon». SideShow World. Henta 27. juni 2018. 
  5. Frohlik, Cornelius (21. juni 2010). «BBC camera crew films conjoined Galyon twins». Dayton Daily News. Henta 6. juli 2020. 
  6. Leibovich-Dar, Sara (15. juli 2003). «Till Death Do Us Part». Haaretz. Henta 6. juli 2020. 
  7. «Longest-Surviving Conjoined Twins Die at 68: 'They Couldn't Ask for Anything More,' Says Brother». PEOPLE.com (på engelsk). Henta 9. juli 2020. 
  8. «"World's Oldest Conjoined Twins Move Home" Premieres Wednesday, December 22 at 8/7c on TLC». The Futon Critic. Henta 27. juni 2018. 
  9. Hackworth, Franchesca (July 4, 2020). «Conjoined twins, Ronnie and Donnie Galyon of Beavercreek, passed away». WHIO. Henta July 5, 2020. 
  10. «Brother of Longest-Surviving Conjoined Twins: 'They Made 68'». Associated Press. 7. juli 2020. Henta 12. juli 2020.