Roosevelt Island
(Omdirigert frå Roosevelt Island i Antarktis)
Roosevelt Island er ei isdekt øy som ligg i austlege delen av Ross isbrem i Antarktis. Den sentrale ryggen på øya stig til opp mot 550 moh, men heile øya er fullstendig dekt av is, så ho er meir eller mindre usynleg frå bakkenivå. Øya er kring 130 km lang frå norvest til søraust, 65 km brei og med eit areal på 7 500 km².
Roosevelt Island | |||
øy | |||
Satellittbilete av Roosevelt Island
| |||
Land | Ross Dependency | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 79°25′S 162°0′W / 79.417°S 162.000°W | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 550 moh. | ||
Lengd | 130 km | ||
Areal | 7 500 km² | ||
Folketal | Ikkje kjend | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Roosevelt Island 79°20′00″S 162°00′00″W / 79.333333333333°S 162°W | |||
Wikimedia Commons: Roosevelt Island, Antarctica |
At øya finst og kor stor ho er vart oppdaga av korleis isen flyt over ho.[1] Ho vart namngjeven av kontreadmiral Richard E. Byrd i 1934 etter Franklin D. Roosevelt, den dåverande presidenten av USA. Byrd var leiaren for ekspedisjonen som oppdaga øya.[2]
Roosevelt Island ligg innanfor grensa til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Michon Scott (23. april 2007). «Something under the ice is moving». NASA's Earth Observatory. Henta 30. oktober 2012.
- ↑ Peter Rejcek (3. september 2010). «Roosevelt Island: U.S., Kiwi scientists team up to look at stability of isbrem». Antarktis Sun. Henta 30. oktober 2012.