Rose-Marie Huuva

svensk samisk forfattar

Ragnel Rose-Marie Huuva (fødd 13. juli 1943 i Gabna sameby i Jukkasjärvi) er ein svensk samisk forfattar, biletkunstnar og duodjiutøvar.[1]

Rose-Marie Huuva

Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. juli 1943 (80 år)
Jukkasjärvi församling
Yrke lyrikar, skribent, tekstilkunstnar
Rose-Marie Huuva på Commons

Ho har utgjeve tekstar sidan 1981, men debuterte i 1999 med diktsamlinga Galbma rádná (Kall kamrat), som skildrar kreftsjukdom. Med den boka vart ho den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris i 2001. Dikta i Ii mihkkege leat (2006) skildrar kjensla av at den samiske kulturarven svinn eller vert endra, og òg spørsmål om aldring og sjukdom.[2]

Som biletkunstnar deltok ho saman med sju andre i utstillinga Sámi Stories: Art and Identity of an Arctic People på Scanidnavian House i New York 2014.[3]

Ho fekk kulturstipendiet Rubus arcticus frå Norrbottens läns landting i 2003.[4]

Bibliografi endre

Referansar endre

  1. Rose-Marie Huuva Arkivert 2018-07-05 ved Wayback Machine.; norrbottensforfattare.se
  2. Rose-Marie Huuva; sverigesradio.se, 25. mai 2012
  3. Swedishpress.com, arkivert frå originalen 2. august 2016, henta 16. desember 2019 
  4. Kulturstipendiet Rubus Arcticus Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.; nll.se