Rosenhoff Idrettslag

Rosenhoff Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Rosenhoff i Oslo. Idrettslaget vart skipa 1. mars 1931 og hadde medlemskap i Arbeidernes Idrettsforbund. Rosenhoff IL har vore ein rein ishockeyklubb sidan sidan 1997.

Rosenhoff Idrettslag hadde frå 1930-åra ei rad idrettar på programmet, så som fotball, friidrett, bandy, ski og orientering. I 1950 og 1953 starta laget opp med høvesvis handball og ishockey. Perioden 1965-85 vart gruppene med orientering, ski, friidrett og fotball lagde ned. Til sist vart også handballgruppa avvikla i 1997.

Ishockeylaget til Rosenhoff spelte i toppserien i tida 1960-64 og i 1965/66-sesongen. I 2019 deltok Rosenhoff IL i 4. divisjon.

Kjelder

endre