For bakverket, sjå rosettbakkels.

Rosett (av fransk rosette, 'lita rose') er noko som er roseforma, som ei sløyfe, ein liten ordensknapp eller ornamentikk.[1]

Rosett på ei jødisk beinurne frå hundreåra rundt år 1.

I arkitektur, kunsthandverk og heraldikk er rosett eit ornament i form av ei stilisert rose.[1]

Rosett kan også visa til ei bladstilling der blada veks ut frå eit midtpunkt, ofte ved bakken.

Ei skandinavisk småkake med rosettform er kjend som «rosett» eller rosettbakkels.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Rosett». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. august 2018.