Rospuda
Rospuda er ei elv nordaust i Polen. Ho renn gjennom regionen Sudovia og den store Augustówskaskogen. Ho er ei sideelv til Biebrza. Det er planar om å byggje ein motorveg gjennom det verna naturområdet i dalen, og dette har ført til kraftige protestar i Polen og utanlands, samt motprotestar i det lokale samfunnet.
Rospuda | |||
elv | |||
Rospuda mellom innsjøane Sumowo og Okrągłe nær landsbyen Kotowina
| |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | ~900 km² | ||
Lengd | 80 km | ||
Middelvassføring | 2,57 m³/s | ||
Kjelde | Czarne | ||
• høgd | 175 moh. | ||
Munning | Rospuda Augustowska | ||
Rospuda 53°54′27″N 22°54′40″E / 53.9076°N 22.911°E | |||
Wikimedia Commons: Rospuda |
Geografi
endreElva startar frå fleire mindre elvar som har utspring frå fleire åsar søraust for Gołdap. Sjølve elva startar frå innsjøen Jezioro Czarne og renn sør- og søraustover gjennom fleire innsjøar. Ho munnar til slutt ut i innsjøen Rospuda Augustowska.
Blizna er ei sideelv til Rospuda.
Byar langs breidda
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rospuda River» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2008.