Rothenburg ob der Tauber

Rothenburg ob der Tauber er ein by og ein kommune i Landkreis Ansbach i delstaten Bayern i Tyskland med ikring 11 400 ibuarar. Byen ligg i landskapet Franken ved elva Tauber, 442 meter over havet. Rothenburg er vide kjend for sin stort sett bevarte mellomalderske gamlebyen. Gamlebyen framstår som original, trass krigsskadane i 1945 og den lite i augefallande oppbygginga utan særleg synlege modernistiske brot. Det historiske sentrum er omgjeve av bymurar og den stort sett ubebygde i Tauber-elvedalen.

Rothenburg ob der Tauber
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Del av Stimmkreis Ansbach-Nord, Nuremberg Metropolitan Region
Areal 41,67 km²
Folketal 11 385 (31. desember 2023)
Kart
Rothenburg ob der Tauber
49°22′38″N 10°10′44″E / 49.377222222222°N 10.178888888889°E / 49.377222222222; 10.178888888889
Wikimedia Commons: Rothenburg ob der Tauber

Frå 1274 til 1803 hadde Rothenburg status som keisarby. Etter trettiårskrigen mista byen rolla si. Sidan utvikla staden seg sakte og bybiletet vart stor sett verande uendra. Låg industrialisering førte til at Rothenburg allereie før andre verdskrigen var eit turistmål.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rothenburg ob der Tauber