Rotvatnet

vatn i Hamarøy i Nordland

Rotvatnet, òg kalla Nervatnet, (lulesamisk Ruohcajávri) er eit vatn som ligg i Hamarøy kommune i Nordland, rundt 8 kilometer sør for Innhavet.

Rotvatnet
Nervatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Hamarøy
Høgd over havet 45 moh.
Areal 3,56 km²
Kystlengd1 15,64 km
Koordinatar 67°52′41″N 15°51′47″E / 67.87806°N 15.86306°E / 67.87806; 15.86306
Kart
Rotvatnet
67°52′43″N 15°50′36″E / 67.8787°N 15.8433°E / 67.8787; 15.8433
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Vatnet er det nedste av Sagvatnan, og ligg på same høgd som Strindvatnet og Sandnesvatnet. I sør er det forbund med Strindvatnet gjennom Nerstraumen. Utløpet er til Sagelva i nordenden, som renn ned til Hopen inst i Sagfjorden. Dei tre innsjøane er regulerte som magasin for Sagfossen kraftverk.

E6 går langs austsida av vatnet mellom Strindberg og grenda Tømmerneset.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.