Royal Society Range
Royal Society Range er ei majestetisk fjellkjede i Victoria Land i Antarktis. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Mount Lister på 4025 moh. Mount Lister ligg langs på vestkysten av McMurdo Sound mellom Koettlitz-, Skelton- og Ferrarbreen. Andre terrengdetaljar her er Allisonbreen, som ligg på vestsida av Royal Society Range og møter Skeltonbreen.
Royal Society Range | |||
fjellkjede | |||
Royal Society Range sett frå Rosshavet
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 78°10′S 162°40′E / 78.167°S 162.667°E | ||
Høgaste punkt | Mount Lister | ||
• høgd | 4 025 moh. | ||
- koordinatar | 78°10′00″S 162°40′00″E / 78.16667°S 162.66667°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Royal Society Range 78°10′00″S 162°40′01″E / 78.1667°S 162.667°E | |||
Wikimedia Commons: Royal Society Range |
Fjellkjeda vart truleg oppdaga av kaptein James Clark Ross i 1841.[1]
Fjellkjeda vart utforska av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE) under Robert Falcon Scott, som namngav fjellkjeda etter Royal Society og mange av medlemmane vart nytta som namn på fjelltoppane i kjeda. Mount Lister vart til dømes kalla opp etter Lord Joseph Lister, president i Royal Society i 1895-1900.[2] Royal Society støtta ekspedisjonen økonomisk.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Royal Society Range» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Royal Society Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Mount Lister». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. februar 2013.