Ruhpolding er ein kommune i landkrinsen Traunstein i den tyske delstaten Bayern. Landsbyen Ruhpolding, som ligg ei 75 km søraust for München, har i kring 6 700 ibuarar.

Utsyn over Ruhpolding frå Rauschberg

Turisme er hovundnæring i den 147,8 kvkm store kommunen. Staden har arbeidde mange alpine løyper og langrennsløyper. Verdscupen i skiskyting har årleg sidan 1980 arrangert tevlingar i Ruhpolding, og verdsmeisterskapane i skiskyting for 1979, 1985, 1996 og 2012 vart avvikla her. Også kombinert i nordiske greiner har ofte arrangerte tevlingar i Ruhpolding. Sommarstida er fjellvandring og terrengsykling dei vanlegaste aktivtetane på dei omfattande sti-systema i området.

Frå byen går det svevebane til fjelltoppane Rauschberg og Unternberg.

Kjelder endre