Rune Erland (fødd 25. august 1968) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Stavanger. Han var rykkromspelar og deltok i 130 landskampar i tida 1987-97.

Rune Erland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. august 1968 (55 år)
Idrett handball

Erland var Viking-spelar til sommaren 1989. For Viking HK var han ein sentral spelar då klubben i 1988/89-sesongen vann sin fyrste kongepokal. Perioden 1989-94 var han aktiv for den tyske toppklubben Gummersbach og var i 1991 med om å vinne den tyske serien. Frå hausten 1994 bidrog Erland til at Viking i 1994 vann sin andre kongepokal, og sesongen etter nådde NM-finalen. 1996/-97-sesongen gjorde han teneste i tyske Grosswaldstadt. Sommaren 1997 flytta Erland heimatt og melde overgang til Stavanger IF. Med dette laget vart han toppskårar i eliteserien 1998/99 og 1999/2000. Våren 2001 spelte han på tampen av sesongen for den tyske klubben Eisenach.

Erland fekk sin landslagsdebut i juni 1987. Fram til november 1997 skåra han 477 landslagmål på sine 130 landskampar. Han deltok i Handball-VM 1993, der Noreg enda på 13. plass.

Kjelder endre