Ruslan Ponomarjov
Ruslan Olehovitsj Ponomarjov (ukrainsk Руслан Олегович Пономарьов, (fødd 11. oktober 1983) i Horlivka er ein ukrainsk sjakkspelar.
Ruslan Ponomarjov | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 11. oktober 1983 (41 år) Horlivka |
Yrke | sjakkspelar |
Ruslan Ponomarjov på Commons |
Ponomarjov fekk sjakkundervisning av faren frå sjuårsalderen. Han hadde stor framgang, og var eit sjakk-vedunderbarn. Han blei junioreuropamester allereie då han var tolv år gamal. Året etter vann han VM for si aldersklasse. Allereie i 1998 blei han Stormeister i sjakk. Då han hadde klart krava til tittelen var han berre 14 år og 17 dagar gamal, den til då yngste gjennom tidene. Denne rekorden har seinare blitt slått av 5 andre, mellom anna av Magnus Carlsen.
I 2002 vart Ponomarjov FIDE-verdsmeister i sjakk ved å vinne cupturneringa om FIDE-VM i sjakk, berre 18 år gamal. Han vart dermed den yngste verdsmeisteren i sjakk gjennom tidene. Han vann overraskande finalekampen mot landsmannen Vassilij Ivantsjuk.
På denne tida vart det arbeidd med å sameine dei to VM-titlane i sjakk, og det var meininga at Ponomarjov skulle få ein VM-kamp mot Garri Kasparov i 2003. Denne tvikampen vart det aldri noko av. Ponomarjov var FIDE-verdsmeister fram til neste FIDE-VM, i Libya i 2004.
Per september 2009 ligg Ponomarjov på 13. plass på FIDE sin verdensranking, med ein rating på 2741.