Russisk romanse (russisk рома́нс románs) er ei form for sentimentalt sunge dikt som blei utvikla i Tsar-Russland av komponistar som Nikolaj Titov (1800-1875), Aleksandr Aljabjev (1787–1851), Aleksandr Varlamov (1801–48), og Aleksandr Guriljov (1803–58).[1]

Ved byrjinga av 1900-talet hadde det vokse fram ulike former for russisk romanse. Det fanst ei eliteform av italiensk opera-inspirert song kjend som «salongromanse», i kontrast til den «vonde romansen» knytt til underklassensom tok for seg «sentimental beiling, ulovleg kjærleik, pinefull avvising, og ofte sjølvmord».[2] Denne siste skal ha utvikla seg til russisk chanson.

Den russiske romansen hadde eit høgdepunkt i 1910- og 1920-åra med topputøvarar som Anastasija Vjaltseva, Varvara Panina, Nadezjda Plevitskaja, Tamara Tsereteli, Pjotr Lesjtsjenko og Aleksandr Vertinskij. I tidlege sovjettid var sjangeren mindre godteken, ettersom han blei rekna som ein rest av det før-revolusjonære «dekadente og borgarlege» samfunnet i mykje av 1900-talet.[3]

På 1970-talet kom det fram ein ny generasjon av songarar innan sjangeren, som Valentina Ponomarjova og Nani Bregvadze. Fleira songarar frå tida før andre verdskrigen, som Izabella Jurijeva (1902–2000), Vadim Kozin (1903–1994) og Alla Bajanova (1914–2011), fekk også ny merksemd mot slutten av sovjettida. Aleksandr Malinin, Sergej Zakharov og Oleg Pogudin er nokre russiske romansesongarar som har vore aktive på 2000-talet. I 1994 vann Aleksandr Malinin World Music Award som den bestseljande russiske artisten.[4]

Kjende songar

endre

Kjelder

endre
  1. Art and Culture in Nineteenth-Century Russia (red. Theofanis George Stavrou). Indiana University Press, 1983. ISBN 9780253310514. Side 75.
  2. Entertaining Tsarist Russia: Tales, Songs, Plays, Movies, Jokes, Ads, and Images from Russian Urban Life, 1779–1917. Indiana University Press, 1998. ISBN 9780253211958. Page xxii.
  3. David MacFadyen. Songs for Fat People: Affect, Emotion, and Celebrity in the Russian Popular Song, 1900–1955. McGill-Queens University Press, 2002. ISBN 9780773524415. Side 13.
  4. Smith, Michael (Juni 2003). «Stalin's Martyrs: The Tragic Romance of the Russian Revolution». Totalitarian Movements and Political Religions (på engelsk) 4 (1): 95–126. ISSN 1469-0764. doi:10.1080/14690760412331326098. 

Bakgrunnsstoff

endre