Rusulija (serbisk Русулија, Rusulija; albansk Ruselia) er eit fjell i nordlege delar av Prokletijefjella i Kosovo. Med ei høgd på 2382 meter over havet, er fjellet det høgaste på Žljeb. Fjellsidene på Rusulija er dekte av tett skog og nær toppen finn ein enger. Småelvar som renn ned frå fjellet munar ut i Kvite Drin. Nær fjellet ligg landsbyen Radavcë.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.