Albansk

indoeuropeisk språk
(Omdirigert frå Albansk språk)

Albansk er eit indoeuropeisk språk tala av meir enn seks millionar menneske, hovudsakleg i Albania og Kosovo og i nærområda. Språket utgjer ei eiga grein innan dei indoeuropeiske språka, og stammar truleg frå ein dialekt av illyrisk som blei tala på Balkan i antikken.

albansk
shqip, gjuha shqipe ('albansk språk')
Klassifisering Indoeuropeisk
 Albansk
Talarar albanarar
Bruk
Tala i Albania, Kosovo, Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia, Italia
Område Søraust-Europa
albansktalande i alt 6 000 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Albania
Flagget til Kosovo
 Nord-Makedonia
Språkkodar
ISO 639-1 sq
ISO 639-3 sqi

sqi – albansk (generisk)
alnghegalbansk
aaearbëreshëalbansk
aatarvanitikaalbansk
alstoskalbansk

Wikipedia på albansk

Dei fleste albansktalande bur på Balkanhalvøya, søraust i Europa. Albansk er offisielt språk i Albania og Kosovo, og har offisiell status i Nord-Makedonia, Montenegro og Serbia. Ei form av språket, arabëresh vert også tala av nokre få i Calabria-området sør i Italia. I tillegg finst det albansktalande grupper i Hellas og Tyrkia, og i land albanarar har utvandra til, som Sverige, Tyskland og USA.

Det finst to hovuddialektar av albansk: Gegisk (gegë) som blir tala nord for elva Shkumbin, og toskisk (toskë) som blir tala i Sør-Albania, Hellas, Italia og Tyrkia. Språket har ei mengd lånord frå gresk, tyrkisk, romanske og slaviske språk.

Albansk er eit SVO-språk med fem kasus: Nominativ, akkusativ, dativ, genitiv og ablativ.

Ein har brukt ulike skriftsystem for å skriva språket sidan dei første skriftlege kjeldene frå 1400-talet. Toskiske dialektar blei opphavleg skrivne med greske bokstavar medan gegiske blei skrivne med latinske bokstavar. Under osmansk påverknad blei også begge dialektane skrivne med den tyrkiske versjonen av arabisk skrift. Ein har også brukt kyrillisk skrift og nokre lokale alfabet. Den noverande bruken av det latinske alfabetet blei fastsett ved Monastir-kongressen i 1908. Alfabetet byggjer på det latinske med tilleggsbokstavane ë, ç og ni digrafar (dh, gj, ll, nj, rr, sh, th, xh, zh).

Kjelder

endre
  1. Ethnologue-tal for alle variantar av språket

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.