Rutelaget Askøy-Bergen
Rutelaget Askøy-Bergen AS (A-B) vart stifta i 1950. Hovudverksemda til selskapet fram til Askøybrua vart opna i 1992, var lokal ferje- og busstrafikk mellom Askøy og Bergen. I tillegg dreiv selskapet ferjedrift mellom Bergen og Stavanger, og i fem år i Boknafjorden i Rogaland. Denne siste ruta vart overteken av Boknafjorden Ferjeselskap i 1992. I dette selskapet var BNR 50% eigar fram til 2002.