Ruth Is Stranger Than Richard
Ruth Is Stranger Than Richard Studioalbum av Robert Wyatt | ||
Innspelt | Oktober 1974 – mars 1975 i The Manor Studio | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 39:06 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Robert Wyatt | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Robert Wyatt-kronologi | ||
Rock Bottom (1974) |
Ruth Is Stranger Than Richard | The Animals Film (1982)
|
Ruth Is Stranger Than Richard er det tredje soloalbumet til Robert Wyatt.
Bakgrunn
endreOppfølgjaren til Rock Bottom, som Wyatt hadde skrive all musikk og tekst til, bestod hovudsakleg av versjonar og arrangement av andre sine songar (anten vener - Phil Manzanera, Fred Frith, Mongezi Feza, tidlegare Wilde Flowers-medlem Brian Hopper - eller påverknader - Charlie Haden) der Wyatt nytta sine eigne tekstar. Bortsett frå «Sonia», spelt inn for singelen «Yesterday Man» i oktober 1974 (med Nick Mason som produsent), er heile albumet spelt inn og miksa i The Manor Studio med Wyatt sjølv som produsent. Mykje av albumet er Wyatt (på solovokal og klaverinstrument) akkompagnert av eit «band» med bassist Bill MacCormick, trommeslagar Laurie Allan og saksofonistane George Khan og Gary Windo, i tillegg til Brian Eno som la til sin idiosynkratiske «anti-jazz»-tøtsj.
Mottaking
endreRuth Is Stranger Than Richard kom ut i mai 1975. I motsetnad til forgjengaren Rock Bottom, fekk det blanda kritkk og mottaking. Ruth... var det siste soloalbumet til Wyatt før Old Rottenhat i 1985.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Soup Song» | Brian Hopper, Robert Wyatt | 04:03 |
2. | «Sonia» | Mongezi Feza | 04:18 |
3. | «Team Spirit» | Bill MacCormick, Phil Manzanera, Robert Wyatt | 08:33 |
4. | «Song For Che» | Charlie Haden | 03:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Muddy Mouse (a)» | Fred Frith, Robert Wyatt | 00:49 |
6. | «Solar Flares» | Robert Wyatt | 05:36 |
7. | «Muddy Mouse (b)» | Fred Frith, Robert Wyatt | 00:50 |
8. | «5 Black Notes And 1 White Note» | Offenbach arr. Robert Wyatt | 05:00 |
9. | «Muddy Mouse (c) Which In Turn Leads To Muddy Mouth» | Fred Frith, Robert Wyatt | 06:15 |
Medverkande
endre- Robert Wyatt - vokal, piano, elektrisk piano (Ri4), orgel (Ri2), trommer (Ru2, Ri2)
- Brian Eno - gitar (Ri4), synthesizer (Ri4), direct inject anti-jazz ray gun (Ru3)
- Gary Windo - bass klarinett (Ri2, Ru2), tenorsaksofon (Ri4, Ru1, Ru3, Ru4), altsaksofon (Ri4, Ru2, Ru4)
- Nisar Ahmad «George» Khan - tenorsaksofon (Ri4, Ru4), barytonsaksofon (Ru1, Ru4)
- Mongezi Feza - trompet (Ru2)
- Fred Frith - piano (Ri1, Ri3, Ri5)
- Bill MacCormick - bassgitar (Ri2, Ri4, Ru1, Ru3, Ru4)
- John Greaves - bassgitar (Ru2)
- Laurie Allan - trommer (Ri4, Ru1, Ru3, Ru4)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ruth Is Stranger Than Richard» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2011.