Ruth Ridge
Ruth Ridge er ein svart, klipperik rygg som er 4,5 km lang frå nord til sør, som endar ved sørenden i eit lite fjell. Ryggen dannar sørenden av Hanroit Plateau og markerer ein retningsendring av platåkanten langs Nordenskjöld Coast på austsida av Graham Land der han snur vestover og dannar nordveggen av Drygalskibreen. Dr. Otto Nordenskjöld, leiaren for Den svenske antarktisekspedisjonen i 1901–04, gav namnet Cape Ruth, til ære for syster si, til det som såg ut som eit nes ved nordsida av Drygalskibreen. Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) fann i 1947 ut at det var snakk om ein rygg.
Ruth Ridge | |||
rygg | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°39′S 60°48′W / 64.650°S 60.800°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ruth Ridge 64°39′S 60°48′W / 64.65°S 60.8°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ruth Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).