Ryan Babel

nederlandsk fotballspelar

Ryan Guno Babel (fødd 19. desember 1986 i Amsterdam) er ein nederlandsk fotballspelar som spelar for for Ajax Amsterdam[1] på lån frå den tyrkiske klubben Galatasaray SK,[2] og på det nederlandske landslaget.

Ryan Babel
Ryan-babel-6.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Ryan Guno Babel
Fødd 19. desember 1986
Fødestad Amsterdam
Høgd 185 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Ajax (på lån fra Galatasaray)
Nummer 49
Ungdomsklubbar
1992–1994 Diemen
1994–1997 Fortius
1998–2004 Ajax
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004–2007 Ajax 73 (14)
2007–2010 Liverpool 91 (12)
2011–2012 Hoffenheim 46 (5)
2012–2013 Ajax 16 (4)
2013–2015 Kasımpaşa 58 (14)
2015–2016 Al-Ain 8 (1)
2016 Deportivo La Coruña 11 (4)
2017–2019 Beşiktaş 62 (22)
2019 Fulham 14 (5)
2019– Galatasaray 15 (5)
2020– → Ajax (lån) 3 (0)
Landslag
2002–2003 Nederland U17 6 (3)
2003–2004 Nederland U19 6 (2)
2004–2005 Nederland U20 4 (2)
2005–2007 Nederland U21 5 (2)
2008 Nederland U23 5 (2)
2005– Nederland 63 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. februar 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 10. oktober 2019

Babel var med på å vinna U21-EM med Nederland i 2007, der han vart kåra til banens beste i finalen mot Serbia. Han debuterte for A-landslaget 26. mars 2005 i ein bortekamp mot Romania, der han kom inn som innbytar og skåra eitt mål. Han vart teken ut i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006, der han fekk éin kamp som innbytar. I 2008 måtte han trekkja seg frå troppen til fotball-EM grunna ein okleskade. Han var med i troppen til fotball-VM i 2010, men utan å få spela nokon kampar.

KjelderEndra