Ryanbreen
Ryanbreen er ein isbre som er 3,5 km lang, og som flyt vestover til enden av Isfjorden på Sør-Georgia. Den tyske antarktisekspedisjonen (1911-12) namngav denne breen etter dr. Albrecht Penck, men namnet vart feilstava «Penk» på publiserte kart. Fleire stader i Antarktis, mellom anna ein isbre, er kalla opp etter Albrecht Penck. For å unngå forveksling vart namnet på denne breen endra av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1957. Ryanbreen er kalla opp etter Alfredo R.L. Ryan, president sidan 1946 i Compañía Argentina de Pesca, som dreiv kvalfangststasjonen ved Grytviken.
Ryanbreen | |||
isbre | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°3′S 37°36′W / 54.050°S 37.600°W | ||
Ryanbreen 54°03′S 37°36′W / 54.05°S 37.6°W | |||
Kart som viser Ryanbreen.
|
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ryan Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).