Ei rydningsrøys er ei steinrøys, eit menneskeskapt element i jordbrukslandskap, eller kulturlandskap. Den dyrkbare marka er rydda for stein, og steinen er samla i ei røys. Rydningsrøyser er kulturminne som er vanskelege å tidfesta, men som ein hovudregel er dei små rydningsrøysene i Noreg eldre enn midten av 1700-talet.

Rydningsrøyser i åkerlandskap. Svenskerud i Stange på Hedemark.
Rydningsrøys frå Bækkimellommarka i Gjøvik i Oppland, datert til jernalder og mellomalder

Rydningsrøyser har vore eit karakteristisk element i jordbrukslandskapet gjennom lang tid. Dei eldste rydningsrøysene i Noreg er daterte til yngre steinalder. Frå yngre steinalder og fram til midten av 1700-talet var rydningsrøysene som regel 2-5 m i tverrmål og kasta saman for hand. Ofte låg det mange små rydningsrøyser spreidd i åkeren. Nokre stader er det bevart store areal med rydningsrøyser, for eksempel i Øverbymarka i Gjøvik der eit stort tal rydningsrøyser er fordelt på ca. 1000 dekar.[1] I tilknyting til rydningsrøyser kan det ofte dannast ein punktbrink. Dette er ei kappe av jord som legg seg på oversida av rydningsrøysa. Ein punktbrink er resultat av massetransport nedover ein dyrka flate.[2]

Frå midten av 1700-talet blei det meir vanleg å slepa saman steinen i færre og større røyser, som vanlegvis ligg i utkanten av jordet, som regel nedanfor. Desse større røysene er køyrde saman med hest og slede.

Rydningsrøysene frå midten av 1700-talet og framover kan vera store og godt synlege element i landskapet, medan dei eldre kan vera små og unnselege, og vanskelege å skilja frå naturskapte formasjonar. Mange stader kan tidlegare dyrka mark vera gjengrodd, medan ein overflate rydda for stein og steinrøyser i yttergrensa fortel at her har det vore åker og eng ein gang i fortida.

KjelderEndra

  1. Holm, Ingunn 1995: Trekk av Vardals agrare historie. Varia 31. Universitetets Oldsaksamling, Oslo
  2. Pedersen, Ellen Anne 1990: Rydningsrøysfelt og gravminner - spor av eldre bosetningsstrukturer på Østlandet. Viking – tidsskrift for norrøn arkeologi, bnd. LIII, Norsk arkeologisk selskap, Oslo