John Rymill

(Omdirigert frå Rymill)

John Riddoch Rymill (13. mars 19057. september 1968) var ein australsk polfarar, som fekk den sjeldne polarmedaljen med to haker.

John Rymill

Statsborgarskap Australia
Fødd 13. mars 1905
Penola
Død

7. september 1968 (63 år)
Penola

Yrke oppdagar
Språk engelsk
John Rymill på Commons

Rymill førebudde seg på polreisene med fjellklatring i Europa og tok flytimar ved de Havilland Aircraft Co. Ltd, Hendon og kurs ved Scott Polar Research Institute ved Cambridge, under professor Frank Debenham. I 1931 vart han utpeikt til British Arctic Air Route Expedition til Grønland (1930–31) som landmålar og pilot. Som følgje av dette sette Rymill i gang ein ekspedisjon til det sørlege Graham Land og Weddellhavet i Antarktis. Ekspedisjonen hans, British Graham Land Expedition (1934–37)[1], oppdaga eit sørleg, permanent isdekt sund, seinare kalla George VI Sound, som strekte seg til Bellingshausenhavet.[2]

Kjelder

endre
  1. «British Graham Land Expedition, 1934-37». Scott Polar Research Institute. Henta 21. oktober 2012. 
  2. Béchervaise, John (1988). «Rymill, John Riddoch (1905 - 1968)». Australian Dictionary of Biography. Canberra: Australian National University. Henta 21. oktober 2012.