Sælehus
Sælehus var herberge, gjestgjevarstad, som i mellomalderen fanst langs vegane for å tene ferdafolket. Særleg har det vore sælehus langs dei farlege og mykje nytta høgfjellsvegane over til dømes Dovre og Filefjell, som mellom anna var vandringsvegar for pilegrimar i mellomalderen. På Vesle Hjerkinn på Dovre har det ved arkeologiske granskingar kome fram leivningar etter eit hus som truleg har vore eit slik sælehus. Same funksjon hadde dei husa som på norrønt hadde nemninga sáluhús og sálustofa.