Dovre

tettstad i Dovre kommune

Dovre er eit sokn, ei bygd og administrasjonssenter i Dovre kommune, nord i Gudbrandsdalen i Innlandet.

Dovre
bygd
Dovre panorama.jpg
Dovre
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Dovre
Postnummer 2662 DOVRE
Innbyggjarnamn dovring
Preposisjon Dovre

Dovre
61°59′4″ N 9°15′14″ E
Wikimedia Commons: Dovre

Dovre soknEndra

Dovre sokn har om lag 1 315 innbyggjarar (2013), og femner om søre delen av kommunen. Dovre kyrkje er frå 1736.

Soknet høyrde til Lesja prestegjeld fram til 1861, då det blei utskilt som eige prestgjeld. Samstundes blei Domåsgrendi og Blestergrendi overflytt frå Lesja sokn til Dovre sokn.[1] I seinare år er soknet blitt halvert ved utskiljing av Dombås sokn, med grense omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.

Tidlegare tettstadEndra

I 1913 opna Dovre stasjon ved Dovrebanen.

Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 240 innbyggjarar per 1. januar 2017 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårane mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.

Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.

Folketalsutvikling på Dovre
År Innbyggjarar
1920
  
106
1930
  
219
1946
  
216
1950
  
240
1960
  
227
1970
  
391
1980
  
1 176
1990
  
1 178
2000
  
1 014
2009
  
1 116
2012
  
1 185
Kjelder:

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra