Sæterbø
Sæterbø eller Sætrabø er ein gard sør i Fitjar kommune.
Sæterbø | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Gardnummer | 55 | ||
Ferdselsårer | Sæterbøvegen | ||
Garden grensar til Stordfjella i aust, Stord kommune i sør, Røydland i vest og Liarbø i nord. Garden var truleg opphavleg ei seter for gardane som låg lenger vest, før ein mann seinare har busett seg her og rydda garden.
Historie
endreGarden vart kalla Sætre i 1350-åra, men heiter Setterbøe på 1500-talet. Dette tyder på at garden låg øyde i seinmellomalderen, men er blitt nytta til slåtteland eller liknande.
Garden var vanskeleg å drive sidan han låg til fjells, og det var ofte lite korn å dyrke. Beitemarka var derimot god, og her var ein god del skog.
Namnet vert no skrive Sæterbø, som òg er daglegnamnet
Kjelder
endre- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.
- Sætrabø på norgeskart.no