Sævik eller Sævig er ei bygd i Namsos kommune i Trøndelag. Ho ligg omtrent midtvegs mellom Klinga og Spillum, langs Fylkesveg 17. Namsos ligg rndt 5 km nord for Sævik, på andre sida av Namsen.

Sævik
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Distrikt Namdalen
Kommune Namsos

Sævik
64°25′48″ N 11°29′21″ E

HistorieEndra

Sævik har lang historie som eit eige sokn med ei kyrkje. På 1500-talet var Sævig nedteikna som del av Fosnes prestegjeld. Frå 1820 var det del av Overhalla prestegjeld (ikkje det same som Overhalla kommune).

I 1859 blei Namsos eit eige sokn. Sævik sokn blei delt i to,slik at den nordlege delen (Vemundvik) blei verande med Overhalla, medan Sævik blei verande eit mindre sokn.[1]

I 1866 blei det bygd ei ny kyrkje på Klinga, rundt 2,7 km sør for Sævik, og den gamle kyrkja der blei riven.[2] I mai 1885 endra soknet namn frå Sævig til Klingen, etter staden kyrkja stod.

KjelderEndra

  1. «Det store Sævik sogn blir delt 1659» (på norsk). Namsos Bys Historielag. 
  2. «Klinga kirke feirer 150 år». Namdalsavisa. 27. februar 2016.