Séracs er tårn av breis som dannar seg der terrenget under isbreen knekk av og blir brattare. Dei oppstår ved ein kombinasjon av strekk-krefter på langs og på tvers av breens sin fallretning, og finst derfor mest saman med eller nær bresprekkar.

Breisen dannar bisarre former
Den store séracen over Bottleneck på K2

På dei høgaste fjella i Himalaya kan séracs bli meir enn 200 meter høge. Dei er svært frykta av fjellklatrarar, då dei styrtar saman utan forvarsel.

Den sørlege oppstigninga til Mount Everest gjennom Khumbubreen er eit kjent døme på ei klatrerute som er utsett på grunn av séracs. På desse 600 høgdemetrane har om lag 20 klatrarar mista livet på grunn av bresprekkar og samanrasande séracs.

Eit anna døme er K2 sin frykta Bottleneck («flaskehalsen») på om lag 8200 moh.

Horace-Bénédict de Saussure tok i 1779 i bruk namnet «sérac» etter ein kvit mysost med same namn som er vanleg i Alpane.[1]

Referansar endre

  1. Alexander Stahr, Thomas Hartmann. Landschaftsformen und Landschaftselemente im Hochgebirge, Springer Verlag, Berlin, 1999. ISBN=3-540-65278-7, s. 228.

Kjelder endre

Denne artikkelen er omsett frå «Sérac» på Wikipedia på tysk, den 15. juni 2012.

Bakgrunnsstoff endre