Sôyakysten
Sôyakysten er ein kyststrekning i Dronning Maud Land i Antarktis mellom vestlege delen av Skallevikhalsen og Flattunga på Kronprins Olav Kyst.
Det vart kalla opp etter ekspedisjonsskipet «Sôya» nytta under fire japanske antarktisekspedisjonar til Lützow-Holmkysten. Det norske namnet er ei omsetjing av det japanske, foreslått av Norsk polarinstitutt i 1991.