Norsk Polarinstitutt

(Omdirigert frå Norsk polarinstitutt)

Norsk Polarinstitutt er ein statsinstitusjon med hovudkontor i Tromsø som utfører topografisk kartlegging omframt forvaltingsretta vitskaplege undersøkingar innan biologi, geologi, meteorologi og sjøisforsking i polartraktene, for det meste i norske interesseområde. Institusjonen gir også ut vitskapleg litteratur i seriane Polar Research, Skrifter og Meddelelser og i tillegg Polarhandbøker.

Norsk Polarinstitutt

Hovudkontoret til Norsk Polarinstitutt, Polarmiljøsenteret i Tromsø.
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971022264
Skipa1928
MorselskapKlima- og miljødepartementet
HovudkontorTromsø
LandNoreg[1]
Adm.dir.Camilla Brekke (2023)
Nettstadhttps://www.npolar.no/ (norsk)

Norsk Polarinstitutt sender ekspedisjonar årleg til Svalbard og har leidd fleirårige ekspedisjonar til Dronning Maud Land i Antarktis, Maudheim 1949–1952 og Norway Station 1956–1960, i tillegg til fleire sommarekspedisjonar i ettertid. Ein multilateral avtale mellom Noreg, Sverige og Finland gir deltakarlanda påbod om å organisere ein Antarktisekspedisjon kvart tredje år der kvart av landa deltek og Norsk Polarinstitutt står for organiseringa av dei norsk-arrangerte ekspedisjonane. Institusjonen oppretta i 1989/90 forskingsstasjonen Troll i Jutulsessen, Dronning Mauds Land, som base for norsk forsking i Antarktis.

I 1993 vedtok Stortinget å flytte Norsk Polarinstitutt frå Oslo til Tromsø over ein periode på fem år. Institusjonen har avdelingskontor i Longyearbyen på Svalbard og heilårs forskingsstasjon med mannskap i Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt har status som direktorat og er underlagt Miljøverndepartementet.

Kjelder

endre

«Norsk Polarinstitutt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre
  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 2610, Wikidata Q7061260